Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Velkommen til Liv i gamle stover 2018

Publisert den 27.04.2018 - 14:39
27.04.2018 - 14:39
Sundag 27. mai kl 13.00 er det igjen klart for liv i gamle stover på Osterøy museum. Me får besøk av lokale og regionale handverkarar og matprodusentar, og som vanleg vil det væra aktivitetar for både store og små. Husa i tunet vil væra opne. På liv i gamle stover kan du mellom anna oppleve plantefarging, treskoproduksjon, smiing og jarnvinne, treskjering og mykje anna spanande! I år markerer vi også 100-års jubileet til Osterøy idrettslag med ein ny utstilling i hovudbygget, Ingunn Rongved vil halda ein prolog og ordførar Jarle Skeidsvoll opnar utstillinga. Velkommen!