Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Velkommen til konsert på Osterøy Museum!

Publisert den 22.11.2018 - 09:07

Denne kvelden skal me få høyre to utøvarar som verkeleg har utfordra og utvida måten dei brukar instrumenta sine på. Med ein sterk folkemusikalsk bagasje, vil dei saman ta oss med på ei rundreise i folkemusikken for durspel og trekkspel. Det vert ein konsert som femner breitt i sjanger og uttrykk, og latteren sitt laust hjå dei begge medan dei fortel skrøner og røverviser frå gamledager. Ettersom me skriv desember månad, er det ikkje fritt for litt julemusikalsk innhald heller. Dette vert ein konsert som ein bør få med seg!

Jo Asgeir Lie kjem frå Voss, og er rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss. Han er også ein allsidig musikar og komponist. Han er i dag ein av dei mest markante utøvarane på trekkspel i Noreg, både som utøvar, formidlar og pedagog.

Kristoffer Kleiveland kjem frå Osterøy og spelar durspel. Han vert rekna som ein av dei beste utøvarane på durspel i dag, og er aktiv som både pedagog, formidlar og utøvar.

Stad: Osterøy Museum Tid: 19:00-20:30 (Billettsalget startar 18:45)

Billett: kr 200, kan kjøpast i døra eller på Rema 1000 Lonevåg. Born under 15 år gratis.

Open Kafé

Arr. Osterøy Events, Osterøy Museum

22.11.2018 - 09:07