Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Tida det tar. Tida vi har av Maia Birkeland og Monika Mørck

Publisert den 20.06.2019 - 13:56

Kunstutstillinga ”Tida det tar. Tida vi har.” kan sjåast på Osterøy Museum i våre opningstidar. Vi avtalar gjerne besøk også utanom opningstidane.

Utstillingsperiode: 26.mai – 08.september 2019

Med utgangspunkt i eit seks vekers gjestekunstnaropphald på den freda garden og kulturlandskapet Havrå og det kulturhistoriske museet Osterøy Museum, har kunstnarane Monika Mørck og Maia Birkeland arbeidd fram utstillinga ”Tida det tar. Tida vi har.”

Opphaldet førte til ei utforsking der kunstnarane nytta seg av samtalen som eit viktig grep i den kunstneriske prosessen. Deltaking i det praktiske gardsarbeidet og eit djupdykk i magasinet på museet var også ein vesentleg del av utforskinga. Samtalane seg i mellom, og med dei tilsette på Havrå og museet, om kulturhistorie, kulturvern, ressursbruk og klima- og miljøproblematikk, saman med dei fysiske og teoretiske erfaringane dei gjorde seg, danna eit felles grunnlag som kunstnarane kvar for seg jobba ut frå.

Tittelen ”Tida det tar. Tida vi har.” syner til alle dei tema som dukka opp i prosessen: Fortid – notid, drøfting av haldningar til disponering av tid, ressursbruk; kva lagar vi – kva kjøper vi?, arbeid – fritid, miljøproblematikk; tida vi har igjen – tida vi har til å reparere, og mykje meir.

På kvar si måte har kunstnarane forvalta inntrykk og tematikk gjennom skulptur, installasjon og veggarbeid, med handarbeid og innsamling som sentrale stikkord.

Monika Mørck viser broderi i ulike former; ei dagbok i hardangersaum, broderte vedsekkar, si eiga tolking av den tradisjonelle namneduken og hullsaum som eit arkitektonisk element i ein gamal svalgang. Ho viser også eit arbeid laga av slitte klede frå folka som dreiv på Havrå. Mørck har undersøkt si eiga rolle som mor og kunstnar sett i samanheng med det historiske bondelivet på garden Havrå. Gjennom historiebøker, samtaler og gardsarbeid på Havrå har ho sett på nærmare på gardskvinna si rolle og undersøkt korleis ho kan trekke linjer frå deira til si eiga tid. Ho har mellom anna utvikla nye metodar for å strukturere sin eigen arbeidsdag og for kunstnerisk utforsking, og lært seg nye arbeidsteknikkar som har sitt opphav i tekstiltradisjonane på Vestlandet: Perlebroderi på bringeklutar og hardangersaum. Under opphaldet skreiv ho ei dagbok som er publisert på hennar webside der ho deler refleksjonar om rolla som mor og kunstnar gjennom arbeidsprosessen. Broderia ho viser er visuelle sider frå hennar dagbok. Dei gamle kleda frå Havrå har ho brukt til å drøfte notidas konsumkultur og våre innarbeida haldningar til bruksobjekta. Nokre av dei har blitt bøta og reparert av kvinner ho kjenner frå den eldre generasjonen; si farmor og ein god nabo, og nokre vert vist som dei er.

I Maia Birkeland sine skulpturar og veggarbeid finn me tekstil og funne materiale montert på masseproduserte bruksgjenstandar som klesstativ og gardinstenger. Med titlar som ”Skogen”, ”Fjorden”, ”Enga” og ”Varme” har ho villa lede tankane inn på ulike område som har vore livsnødvendige for folk i det gamle bondesamfunnet. Der henta dei brensel, trevirke til redskap og konstruksjonar, og fór til dyra - som igjen gav folket mat og ull.

Nøysamheit var ein dyd og ein nødvendighet for dei fleste. Ein tok vare på, og reparerte det ein hadde, og ein brukte det ein hadde tilgjengeleg. Birkeland meiner dette er ein mentalitet vi burde ha meir av i vår tid. Ikkje av økonomiske grunnar slik det var før, men av omsynet til dei ressursane vi har rundt oss. For skogen, slåtteenga og fjorden er framleis like viktige for oss. Men i likheit med mange andre naturtypar og artar er dei under sterkt press. Utrydding, gjengroing, monokultur, dumping av gruveavfall, mikroplast, overforbruk og rasering av sårbare områder gjennom utbygging er godt kjent.

Med nevnte mentalitet i mente og ynskje om å arbeide med kunst på ein bærekraftig måte, har ho difor nytta seg av det som allereie fanst på atelieret, delar av tidlegare verk er gjenbrukt, kvardagsmateriale som drikkekartongar og innsamla syltetøyglas er nytta og ho har sanka materiale langs strand- og elvekantar, i skogholt og grøfter.

Komposisjon #4 av Monika Mørck

Komposisjon #4 av Monika Mørck

Skogen, 2019 av Maia Birkeland

Skogen, 2019 av Maia Birkeland
20.06.2019 - 13:56