Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Strilamat 2017

Publisert den 08.09.2017 - 15:37

 

Etter 1951 har det ikkje vore seld upasteurisert «rå» mjølk i Noreg, og viss ein ikkje kjem frå ein gard er det mange som ikkje har smakt ubehandla mjølk.

Har du smakt fersk mjølk rett frå kua? Sundag 17. september kl 13.00 har du moglegheita.

Du kan også prøve ein flora av ulike produkt laga av mjølk, og du kan få sjå korleis ein tradisjonelt har foredla mjølk og laga smør, fløte, ost og mykje anna.

Det vert gratis inngang. Vel møtt!

08.09.2017 - 15:37