Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Skulefri på Osterøy museum sommaren 2017

Publisert den 03.07.2017 - 09:57

Kvar onsdag i Juli blir det aktivitetar for born på Osterøy museum frå kl. 11.00 til kl. 14.00. Vedlagt kan du sjå programmet for sumaren 2017. Born i alle aldrar er velkomne, små born som treng tilsyn bør ha følgje av vaksne.

Vaksne kr. 60, born under 16 år gratis.

5. juli:   Vi spikkar og baker stompekaker.

12. juli: Tur langs kulturstien på Gjerstad. Tursko og klede etter vêret.

19. juli: Vi farger garn med planter og koker spikarsuppe.

26. juli: Vi tover ull og bakar rugkjeks.

2. august: Skulen i gamle dagar og baking av lappar.

Fil SKULEFRI, plakat 2017.docx

03.07.2017 - 09:57