Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Skulefri på Osterøy museum 2019

Publisert den 01.07.2019 - 09:57

Kvar onsdag i juli blir det aktivitetar for born på Osterøy museum frå kl. 11.00 til kl. 14.00.

Under kan du sjå programmet for sumaren 2019. Born i alle aldrar er velkomne, små born som treng tilsyn bør ha følgje av vaksne.

Vaksne kr 60,- born under 16 gratis.

Program for skulefri:

3/7 : Plantefarging av ull og baking av stompekakar.

10/7: Kunstutstilling, laga eigen kunst og koka graut.

17/7: Leiker frå gamledagar og baka rugkjeks.

24/7: Toving av ull og baka stompekaker.

31/7: Skulen i gamledagar og koka ripssaft.

01.07.2019 - 09:57