Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Osterøy museum fyller 100 år!

Publisert den 14.01.2020 - 13:00

Osterøy museum fyller 100 år!

Søndag 19.1. kl. 16.00 inviterer vi til opning av jubileumsåret.

Vi startar utstillingsprosjektet "Vår stemme til tida" og feirer med bursdagskake og konsert ved Kristoffer Kleiveland.

 

I utstillinga "Vår stemme til tida" inviterer vi ostringar til å stille ut ein ting, ei historie, eit foto el. noko anna som fortel noko om ostringen og livet på Osterøy i 2020 - noko dei tenkjer at ettertida bør vite om. Dei fem første tinga vert presentert under opninga.

Kva trur du ordførar Lars Fjeldstad har plukka ut? Eller Astrid Tveiten frå Nordlender? 

Utanom desse har vi invitert leiar i Sogelaget Geir Kleiveland og leiar i Osterøy museumslag Gunda Kallestad til å velje sine ting. Kristoffer Foldøy skal lokke gode historier frå dei inviterte og sjølv ha eit blikk på dagens Osterøy.

 

14.01.2020 - 13:00