Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Opning av 100-årsjubileet til Osterøy museum

Publisert den 21.01.2020 - 14:27

Søndag 19. januar opna jubileumsåret.

Vi starta utstillingsprosjektet "Vår stemme til tida" og feira med bursdagskake og konsert ved Kristoffer Kleiveland.

I utstillinga "Vår stemme til tida" inviterer vi ostringar til å stille ut ein ting, ei historie, eit foto el. noko anna som fortel noko om ostringen og livet på Osterøy - noko dei tenkjer at ettertida bør vite om. Dei fem første tinga vart presentert under opninga.

 

Bygdanytt var til stades på opninga og her kan du sjå og lese den fine artikkelen som vart publisert i avisa 21. januar. 

Om du er abonnent kan du sjå artikkelen her.

Alle foto: Bygdanytt

21.01.2020 - 14:27