Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Ny bok om oppstadveven - The Warp-Weighted Loom

Publisert den 03.10.2016 - 10:22

The Warp-Weighted Loom I Oppstadveven I Kljásteinavefstaður

Klinkins steins | Klingande steinar | Kljàsteinar klingja

Museumssenteret i Hordaland i samarbeid med Skald forlag har gleda av å lansera boka om oppstadveven - The Warp-Weighted Loom!
Hovudforfattarane Hildur Hákonardóttir, Elizabeth Johnston og Marta Kløve Juuhl har i snart seks år inspirert kvarandre – og andre - til bidrag til den tverrfaglege boka om Nord-Atlantisk kulturarv, representert ved oppstadveven.

Boka er i tre delar: oppstadvevhistoria på Island, Shetland og Noreg; ei usedvanleg innhaldsrik handbok som viser kva veven har vore brukt til og kan brukast til – eit must for dei som vil ta veven i bruk! og til slutt spennande artiklar frå førhistorisk og historisk tid.

Hovudtekst på engelsk, men med islandsk og norsk tekst i oppskriftsdelen.

Pris i butikk: kr. 449

Les omtalen av boka på Bokstaver.no.

Bestill her: post@muho.no 

Vi sender faktura på kr. 449,- + frakt (165 i Norge). Boka vert sendt i posten når betaling er motteke.

Her kan du lese meir om boka, mellom anna sjå innhaldsliste.

English version - The Warp-Weighted Loom

See here for information in English about The Warp-Weighted Loom.

 

 

03.10.2016 - 10:22