Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Med tradisjon og fantasi - utforsk oppstadveven

Publisert den 04.07.2019 - 10:51

Oppstadveven, er den eldste vevstolen vi kjenner til og den kan ha vore i bruk alt i steinalderen. Når stein-lodda kling i oppstadveven er det same lyden som fylgde vikingkvinnene sitt arbeide med klede og storsegl til vikingskipa.

Nordhordland er ein av kun to regionar der bruken av oppstadvev har halde seg levande fram til våre dagar. På Osterøy museum er vi difor opptekne av å formidle denne kunnskapen vidare til nytte og glede for dagens handverksinteresserte.

På kurset vil en lære å veve på ein oppstadvev. Vi vil hente inspirasjon frå tradisjonell veving og frå museumssamlingane og bruke fantasien til å skape nye utrykk i veven. Det vert høve for å prøve ut forskjellige kvalitetar og teknikkar i veven. Vi vil bruke tradisjonell norsk ull og sjå på kva mogelegheiter den gir i veven. Kurshaldar Monika Ravnanger er tekstildesignar av utdanning og arbeider som tekstilhandverkar ved Osterøy museum.

Stad: Osterøy museum, Gjerstad v Lonevåg på Osterøy

Tid: 19.-20.10.2019 Kl.09.00-16.00

Pris: 3200 inkl materialar

(Maks 8 deltakarar)

Påmelding og bestilling av overnatting til: http://www.ullveka.no/

04.07.2019 - 10:51