Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Liv i gamle stover 2017

Publisert den 15.05.2017 - 10:30
15.05.2017 - 10:30
Sundag 21. mai kl 13.00 er det igjen klart for liv i gamle stover på Osterøy museum. Me får besøk av lokale og regionale handverkarar og matprodusentar, og som vanleg vil det væra aktivitetar for både store og små. Husa i tunet vil væra opne, og i hovudbygget kan ein mellom anna sjå ein spanande tekstilutstilling frå Aust-Timor. På liv i gamle stover kan du mellom anna oppleve Plantefarging, treskoproduksjon, hesteriding, børsemakar, salmakar, korgfletting, oppsetjing av hes og mykje anna spanande! Kl. 16.30 er det konsert med Møhlenpris spelemannslag.