Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Ledig vikariat som vaktmeister

Publisert den 09.02.2018 - 08:58
09.02.2018 - 08:58

Ledig vikariat som vaktmeister 

1 års vikariat frå 01.05.2018, men med mogelegheit for forlenging med inntil 1 år. Vikariatet er 60% av heil stilling, men med rom for å utvida stillinga i periodar og etter behov, særleg i sommarhalvåret. Stillinga har Osterøy museum (OM) som arbeidsplass, men det vil òg vera aktuelt å arbeida på dei andre musea i avdelinga i samarbeid med dei andre handverkarane.

OM har ansvar for antikvariske bygg og moderne museumsbygg med magasin. Museet, som er ein arkivinstitusjon og eit folkemuseum, har fokus på handverk og småindustri og dette viser att i samlingane på museet.

Her finn du heile utlysinga.

Søknadsfrist: 27. februar 2018

Søknadskjema finn du her.