Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Laftekurs på Osterøy museum

Publisert den 24.05.2019 - 10:03

Vår gode venn Higgs Murphy frå Canada kjem til Osterøy museum for å halde kurs i lafting fredag 28. juni til sundag 30. juni kl. 09.00 – 16.00.

Higgs har mangeårig erfaring som tømrar, og eit av hans mange spesialfelt er sinklaft. Sinklaft er ein teknikk som blei vanleg i Noreg utover 1800- talet, og er særleg egna når ein har tilgang på sagd tømmer, og når veggen skal ha kledning.

Kurset er på grunnleggande nivå, og deltakarane skal få innsikt i korleis ein målar opp og utfører sinkskjøt eller «svalehaler» på laftetømmer. Alle deltakarane skal få lage si eiga modell av eit hjørne som dei kan ta med seg for framtidig referanse. Vi vil også lage eit eller to hjørne i full størrelse i fellesskap, for å bli kjent med dei nødvendige verktøya og teknikkane ein treng for sjølv å bygge i sinklaft. Teknikkane vil bli utført både med handverktøy og med motoriserte verktøy.

Kursmateriell: Dei som har eiget utstyr som øksar, hoggjarn, motorsag og verneutstyr anbefalast å ta det med. Det vil også vere mogleg å låne utstyr. Deltakarane må sjølv ta med matpakke, men det vil bli servert kaffi og kaffimat.

Påmelding til osteroymuseum@muho.no eller tlf: 92244420

Gjennomføring av kurset er avhengig av at vi får nok påmeldte, og fristen for påmelding er fredag 14. juni.

Kurset vil bli halde på engelsk, med oversetting ved behov.

Kurspris er kr 2500,-

24.05.2019 - 10:03