Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Laftekurs på Osterøy museum

Publisert den 11.09.2017 - 14:35

På Osterøy museum er vi nå godt i gang med å lage ein kopi av ei husmannsstove som skal bli ein del av vår bygningsutstilling her på museet. Fram mot jul vil dei siste omfara og taket ferdigstillast, og det heile vil bli montert på ein mur som allereie står klar i tunet. Vi ynskjer at fleire skal kunne ta del i dette arbeidet, og vil derfor invitere til eit uformelt, gratis kurs i lafting og tradisjonshandverk. Kurset vil bli heldt av tømmermeister Dennis Guhl på Osterøy museum måndag 18. september til onsdag 20. september frå ca. kl. 09.00 til 15.00, men vil truleg bli utvida til fleire dagar. Dersom du syns dette høyrast spanande ut kan du ta kontakt med oss på Osterøy museum: osteroymuseum@muho.no eller ringa Dennis Guhl på tlf: 97124753

 

11.09.2017 - 14:35