Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Kyndelsmesse på Osterøy museum

Publisert den 28.01.2020 - 08:51

2. februar kl. 16.00

Frå gamalt av var dette ein festdag der folk avslutta julefeiringa. Men kva var folk opptatt av denne dagen, og var det slik at Kyndelsmyss-Knut bar jula ut?

Me møtest i hovedbygget på museet, og av program kan me tilby; kort informasjon om kva folk kunne vera opptatt av på denne dagen. Lysstøyping bl.a. i gamle lysformer, og borna kan få dekorera eigne lyslykter med Decoupage og ta del i lysstøypinga. Det vert eventyrstund, og dei kan sjå til at lappar og vaflar vert steikte – og smaka på undervegs. Er me heldige vert det toradarmusikk, gamle skikkar vert visualiserte medan det vert snakka om viktige ting som kunne skje på Kyndelsmessedagen.

Arrangementet vil føregå i dei gamle husa på museumsområdet. Dei som vil sjå og høyra vert delte inn i små grupper for å oppleva framvisingane som er på ulike postar, og det vil føregå parallelt med dei andre aktivitetane. Me håpar dette kan freista til ein tur på museet. Ta med born og barneborn til nokre hyggelege timar på Kyndelsmessedagen.

28.01.2020 - 08:51