Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Kurs i veving av varafell på oppstadvev 2019

Publisert den 09.01.2019 - 16:01

Kurset er dessverre fullteikna, men fortvil ikkje! Informasjon om fleire nye kurs kjem neste veke.

 

Osterøy museum, måndag 24 juni til torsdag 27 Juni  2019

kl. 0900 – 1600 ( det vert nokre dagar der ein kan stå lengre å veve)

Oppstadveven, eller oppstadgogna,  er den eldste vevstolen vi kjenner til og ein meiner den har eksistert sidan steinalderen, fleire tusen år før vår tidsrekning.. Den vart brukt til alle slags tekstilar, frå klede til seglduk. Denne veven er opphavet til dei vevane og tekstilane vi har i dag.

Varafellen eller Röggvarfeldur, som den heitar, er ei tusen år gamal Islandsk handelsvare. Handel mellom Island og Noreg var vanleg. Det var sikkert å handle med tekstilar og det var lettare å ha kontroll på verdi, størrelse og vekt.  

Ein varafell er ein vevd ullfell som ser ut som, og har eigenskapar, til ein sauefell. Sidan den er vevd kan ein varafell bli større enn ein sauefell. Fortidsmennesket hadde god kunnskap om fibranes eigenskapar og brukte denne kunnskapen når de lagde tekstilar.

På kurset vil en lære å sette opp oppstadveven, forberede ull og veve.   

Kurshaldarar er Monika Ravnanger.

Monika er tekstildesignar av utdanning og arbeider som tekstilhandverkar ved Osterøy museum. 

Kurset passar for både nybegynnarar og dei som har vevd på oppstadveven før.

 

Vevkurs 4 dagar 5000,- inkl. materialar

Det er mogeleg å kjøpe enkel lunsj til kr. 100 per dag. Må tingast ved påmelding.

Påmelding til: solveig.jordal@muho.no  Påmelding innan 01.06.2019

 

 

 

09.01.2019 - 16:01