Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Kurs i veving av varafell på oppstadvev

Publisert den 08.05.2018 - 13:22
Osterøy museum, 25 – 28 Juni kl. 0900 - 1600. Varafellen eller Röggvarfeldur, som den heitar, er ei tusen år gamal Islandsk handelsvare. Handel mellom Island og Noreg var vanleg. Det var sikkert å handle med tekstilar og det var lettare å ha kontroll på verdi, størrelse og vekt. Ein varafell er ein vevd ullfell som ser ut som, og har eigenskapar, til ein sauefell. Sidan den er vevd kan ein varafell bli større enn ein sauefell. Fortidsmennesket hadde god kunnskap om fibrane sine eigenskapar og brukte denne kunnskapen når de lagde tekstilar. På kurset vil en lære å sette opp ein oppstadvev, forberede ull og veve. Kurshaldarar er Marta Kløve Juuhl og Monika Ravnanger. Marta er mangeårig vev lærar og no formidlar ved Osterøy museum og har eigen vev-verkstad. Monika er tekstildesignar av utdanning og arbeider som tekstilhandverkar ved Osterøy museum. Kurset passar for både nybegynnarar og dei som har vevd på oppstadveven før. Vevkurs 4 dagar 5000,- inkl. materialar Det er mogeleg å kjøpe enkel lunsj til kr. 100 per dag. Må tingast ved påmelding. Påmelding til: solveig.jordal@muho.no Påmelding innan 01.06.2018
08.05.2018 - 13:22