Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Kurs i spinning med Elizabeth Johnston

Publisert den 04.02.2019 - 16:08

Stad: Osterøy museum

Tid: Sundag 30.juni – 2.juli, 2019.  Kl.09.00 -16.00 alle dagane.

Å spinna tråd er ein av dei eldste tekstilteknikkane som finst. Ein tråd er ei tunn samanhangande snor spunne saman av tekstilfibrar. Eit garn er gjerne tvinna saman av fleire enkelttrådar, slik at garnet vert så tjukt og får den kvaliteten som ein vil det skal ha.

På dette kurset vil ein læra å spinna tråd, sortera ull og klargjera den for spinning.

Kursleiar Elizabeth Johnston er ein profesjonell spinnar frå Shetland. Ho brukar gamle spinneteknikkar i arbeidet sitt med den mjuke Shetlandsulla. Elizabeth har ei livslang erfaring med å arbeida med ull. Kunnskapen hennar kjem frå ein ubroten shetlandsk tekstiltradisjon. Denne tradisjonsopplæringa har gått frå hand til hand i generasjonar. I tillegg til spinning gjeld det og farging, veving og strikking.

Elizabeth er ein erfaren kursinstruktør, og ho har hatt kurs mange stader i verda.

Ho var Patron for Shetland Wool Week i 2018, og ho er ein av forfattarane av boka om oppstadveven, Klingande steinar.

Til sommaren er vi så heldige at ho vil koma til Osterøy museum for å halda kurs i spinning på rokk.

Kurset passar både for nybyrjarar og for dei som har spunne litt.

Museet har rokkar, men ta gjerne med eigen rokk om du har.

 

Pris for tre dagar: kr. 3500,-

Det er mogeleg å kjøpe enkel lunsj til kr. 100 per da. Må tingast ved påmelding.

Påmelding innan 01.06.2019 til solveig.jordal@muho.no

Velkomen på kurs!

 

04.02.2019 - 16:08