Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Konsert: Den vonde bodberaren - Bob Dylan og 60-talet

Publisert den 07.04.2017 - 13:12
07.04.2017 - 13:12

 

Konsert på Osterøy museum onsdag 26. april kl 19.30

Bob Dylan er blitt 75 år, og tidene er framleis i endring slik han predika for 50 år sidan. Den gamle meisteren dreg enno rundt med songane sine, og kvar ny generasjon ser ut til å finna eit meiningsinnhald i noko av det. Og for oss tilårskomne er klassikarane hans like kjære framleis.

Smooth Operators er ei gruppe på fire som også representerer ulike generasjonar, og som har laga eit program om Dylan sin 1960 – tals periode. Mellom songane fortel vi historia om korleis Dylan sin musikk og lyrikk utvikla seg, og korleis han influerte 1960-tals uttrykket og samstundes var ein kommentator til det som hende dette tiåret

Bill. kr 100 inkl enkel servering

Arr. Osterøy museumslag i samarbeide med Osterøy museum og Osterøy folkeakademi