Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Kom i gang med plantefarging

Publisert den 04.07.2019 - 10:37

Kom i gang med plantefarging

Menneska har alltid hatt ynskje om å kle seg i vakre fargar. Det er gjort funn av farga tekstilar i Skandinavia heilt attende til bronsealderen. Fortidsmenneska henta sine fargestoff frå naturen, frå plantedeler, eller lav og mose. Mange planter er rike på fargestoff og gir sterke, spennande fargar.

Kurset passar for nybegynnarar og vil gje eit innblikk i historia, korleis ein sankar fargestoff og gå gjennom dei ulike prosessane for å få fram dei spennande fargane.

Kurset vil gi eit grunnlag for farging på eiga hand.

Kurshaldar Monika Ravnanger er tekstildesignar av utdanning og arbeider som tekstilhandverkar ved Osterøy museum. 

Stad: Osterøy museum, Gjerstad ved Lonevåg på Osterøy

Tid: 7 – 8. september. Kl 09.00 – 16.00

Pris: 3200 inkl. materialar

(maks 8 deltakarar)

I samband med kursa får du eit spesialtilbod på overnatting og mat på Fjordslottet:

Prisar:

Opphald fredag - søndag m/fullpensjon:  2 frokoster, 2 lunsjer, middag, kaffipauser med frukt/heimebakst, kurslokaler.

kr.  1.800.-    pr. pers. i dobbeltrom med lunsj søndag  ( uten middag fredag kveld.)

kr.  2.200.-    i enkeltrom  med lunsj søndag (uten middag fredag kveld.)

Opphald lørdag - søndag med full pensjon: frokost (søndag), 2 lunsjer, middag, kaffipauser med frukt/heimebakst, kurslokaler. 

kr. 1.450.- pr. pers i dobbeltrom.

kr. 1.650.-  i enkeltrom.

Dagpakke lørdag med lunsj søndag:  2 lunsjer, kaffipauser med frukt/heimebakst, middag kurslokaler.

kr. 995.- pr person.

Påmelding/bestilling overnatting og lunsj til: Solveig.jordal@muho.no

04.07.2019 - 10:37