Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Hosanger Treskofabrikk treng nye treskomakarar!

Publisert den 08.03.2017 - 15:41

Osterøy museum leiter etter ein eller fleire som kan bringe kunnskapen om eit utdøyande handverk vidare. Kurset vert helt i den gamle treskoverkstaden i Hosanger på Osterøy. Der står dei gamle reimdrevne maskinane frå 1920-talet klare til bruk.

Verkstaden er i dag drevet av frivillige, i samarbeid med Osterøy museum, og er det einaste av sitt slag som framleis er i drift. På sikt ynskjer museet at verkstaden, gjennom sal og formidling, kan stå på eigne bein, og kanskje produsere meir enn berre tresko?

Det vert lagt opp til tre kurskveldar 27. mars 28. mars og 30. mars kl. 18.00 – 21.00. Kurset er gratis og det vert servert kaffi og stompekaker.

Påmelding til: osteroymuseum@muho.no, eller til Nikolai Rypdal Tallaksen på tlf: 92244420

Historia til Treskoverkstaden i Hosanger

Hosanger treskofabrikk vart skipa av Andreas Mjøs i 1924. På den tida hadde fabrikklokalet allereie vore brukt som kisteverkstad sidan 1909. I byrjinga på 1900-talet var tresko ein etterspurd vare, men produksjonen føregjekk som regel på gardane, og i liten skala. Hosanger hadde ei voksande handverksindustri med fleire kisteverkstader og smier. Dei gode hamneforholda, og tidleg tilgang på elektrisitet har truleg spela ei viktig rolle for at ei rekke industribedrifter vaks fram der. Elektrisiteten var også ein føresetnad for at Andreas Mjøs kunne starte med produksjon av tresko i stor skala.

Gjennom sal av obligasjonar i lokalområdet skaffa Andras Mjøs den nødvendige kapitalen for å satse stort på tresko. Moderne maskineri blei kjøpt inn hausten 1923, og fabrikken sysselsette på det meste fem mann. Fabrikkprotokollen syner at bedrifta har starta i det små, for etter kvart å ha opparbeid seg ei stor kundegruppe. Salet gjekk imidlertid nedover fram mot 1940-talet, for så å ta seg kraftig opp under den andre verdskrigen, då skomangelen var stor. Etter krigen fall salet på ny, og på 50-talet dreiv Andreas Mjøs verkstaden åleine.

Eit stort restopplag av tresko, arkiv, samt maskinane vart ståande i fabrikklokalet etter nedlegginga, og verkstaden vart ikkje nytta som anna enn lager i mange år.

På 1990-talet vart delar av arkivet sikra av Osterøy museum, og idear om å gjere verkstaden til museum vart sådd. I 2004 tok «treskokarane» på seg arbeidet med å hakke rust, skifte band og smøre maskinane. Midlar frå Osterøy museum og Hordaland fylkeskommune gjorde det mogleg å realisere planane. Det blei også inngått ein avtale om vedlikehald og drift av verkstaden, mellom Osterøy museum og eigaren av eigedommen. Alle maskinane vart sett i stand, og drifta av verkstaden kunne settast i gang.

«Treskokarane» har sida 2004 produsert og seld ein stor mengde tresko, og samtidig tileigna seg ein viktig kunnskap om handverket og maskinane. Dei har også skrevet eit nytt kapittel i treskofabrikken si historie. Treskoa har ikkje den same økonomiske verdien i dag som då fabrikken var i drift i førre århundre, men produksjonen og salet er eit døme på at tradisjonshandverk og småindustri kan blomstre innanfor nye rammar i lokalsamfunn i dag.

I filmsnutten under kan du sjå maskinane i bruk:

08.03.2017 - 15:41