Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Handarbeidstreff og open dag med foredrag om dobbeltvev på oppstadveven.

Publisert den 27.11.2018 - 12:00

Handarbeidstreff og open dag med foredrag om dobbeltvev på oppstadveven.

Osterøy museum

Onsdag 5 desember.

kl. 1200 - 1500

I samband med at Kay Larson frå Seattle, USA, er på besøk, vert det eit foredrag om dobbeltvev på oppstadveven. Det vert også høve til å sjå  kva vi held på med i veven.

Kay har doktorgrad på denne teknikken. Medan ho arbeidde med doktorgraden, hadde ho fleire studieopphald på Osterøy museum for å prøve ut sine funn og teoriar i praksis på våre vevar.

Dobbeltvev på oppstadveven

Dobbeltvev har lange tradisjonar i Noreg og er kjend her sidan mellomalderen. Teknikken kom til Skandinavia i vikingtida, dei eldste tekstil fragmenta er frå Jämtland i Sverige, datert til 700- og 800-talet.  Det er på dei rikaste gardane vi finn tekstilar i dobbeltvev. Teknikken er mest brukt i Trøndelag og i Gudbrandsdalen. Dobbeltvev er ein vevnad som består av to lag stoff, der kvart lag har sine varp- og vefttrådar. Begge lag blir vevde samtidig og bundne saman på nokre stader. Etter at denne teknikken nesten vart borte i Noreg, var det Norske innvandreren i USA som tok den opp att og gav den ei rik og frodig form.

Velkomen til handarbeidstreff.

 

27.11.2018 - 12:00