Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Handarbeidstreff med presentasjon av boka Ruter og lus

Publisert den 29.01.2019 - 13:09
29.01.2019 - 13:09

Det vert handarbeidstreff  på Osterøy museum onsdag 6. februar kl. 1200

Vi får besøk av Hanne Dale frå Norsk Trikotasjemuseum som vil presentere boka Ruter og lus Retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik

I denne boka har dei latt seg inspirere av korleis den gamle tekstilfabrikken sette saman og utvikla mønster. Saman med gode strikkedesignarar har dei laga nye oppskrifter på plagg ein kan strikke for hand.

Salhus Tricotagefabrik (1859–1989) er i dag eit nasjonalt industriminne, og Norsk Trikotasjemuseum held til i dei tidlegare fabrikklokala.

Velkomen til handarbeistreff.