Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Bokarbeid over landegrensene

Det hender at tusenår gamle teknikkar og arbeidsmåtar som eigentleg er avleggs og gamaldagse overlever; kanskje tilfeldig, eller det kan vera kulturelt betinga. Slik er det med den enkle og antikke oppstadveven. Han var einerådande i sitt slag i heile verda, heilt til flatveven gjorde sitt inntog. I Noreg fanst det att restar av denne tradisjonen i Fusa og Fitjar i Hordaland, og i greneveven i Manndalen, samane sin tradisjonelle vev. Takka vere observante folk som Marta Hoffmann, har den vorte registrert og ivareteken ved minne, skildringar og foto, men mest gjennom levande tradisjonsberarar i Manndalen. Den vestlandske åkleveven har Berta Liarbø som fremste tradisjonsformidlar. Det gjev grunnlag for nytt liv. Restane grip me fatt i og lærer på nytt. Og når ein først gjev seg i kast med oppstadveven, og utvidar perspektivet mot Island, Shetland og Amerika, opnar landskapet seg til kunnskap om tidlegare tiders bruk og til nye kunstnarlege område. For det er den enkle reiskapen som kan gjera dei innfløkte operasjonane før datamaskina si tid, og som kan inspirera kunstnarar til å tøya sine grenser. Gjennom fleire år har Marta Kløve Juuhl, tilsett i Hordaland fylkeskommune, hatt høve til å arbeida på Osterøy museum, og teke opp att kursverksemda som starta alt kring 1991, og som m.a. førte til heftet om Oppstadveven. Museet har med det styrka si rolle som kunnskaps- og kompetansesenter for vevtradisjonar med særleg vekt på oppstadvev. Gjennom prosjektet Nordatlantiske handverkstradisjonar er kontakt med Hildur Hakonardottir, Island og Elizabeth Johnston, Shetland etablert. Dette fruktbare samarbeidet vil føra til ein ny og større publikasjon.

Forfattarane av boka Klingande steinar – om oppstadveven - tek seg ei skrive- og forskingsøkt på Osterøy museum no i mars: Hildur Håkonardottir, Elizabeth Johnston og Marta Kløve Juuhl. Dei har sete i kvart sitt land og arbeidd gjennom vinteren. Førre møte var på Shetland i november. Oppgåva deira er mangfaldig – dei skal skriva om sine nasjonale tradisjonar, og samstundes laga ei fyldig arbeidsbok. Eitt tema no i mars er korleis visa arbeidsmåtar godt nok, med bilete, ord og teikning. Det vert lagt mykje omtanke i framstillingsmåte. Kven som helst skal i prinsippet kunne greia å veva etter dette! Samstundes held prøvinga fram på den fleksible oppstadveven. Korleis er det til dømes å gå frå den eine vevemåten til den andre på same renning? Korleis gjer dei i kvart sitt land?  

17.09.2014 - 16:08