Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Bli med i Osterøy museumslag!

29.10.2014 - 14:10

Har du lyst til å støtta Osterøy museum, kan du melda deg inn i Osterøy museumslag.

Osterøy museumslag er eit venelag knytt til Osterøy museum. Laget har som føremål å fremja museumsinteressa, og skal på eiga hand eller i samarbeid med museet skipa til arrangement eller setja i gang tiltak som er i samsvar med føremålsparagrafen til museet. Det kan til dømes vera foredrag, fotoinnsamling, kulturminneregistrering, dugnadar, basarar eller turar. 

Alle kan bli medlem av museumslaget. Årspengar er kr. 200 for enkeltmedlemmar, og kr. 250 for familiar, verksemder, lag og organisasjonar.

 

 

Har du lyst til å bli medlem? Ta kontakt med Osterøy museum, osteroymuseum@muho.no, eller med leiar Gunda Kallestad.
 

Sjå vedtekter for museumslaget Osterøy Museum, Gjerstad, 5282 Lonevåg.