Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



«Et som besteforeldra eller oldeforeldra dine gjorde!»

Publisert den 06.11.2019 - 13:41
06.11.2019 - 13:41

«Et som besteforeldra eller oldeforeldra dine gjorde!» Dette fråsegnet kjem biopat Merete Bortne ofte med. Ho er svært oppteken av at kosthaldet er ein del av behandlinga, og meiner at mange av dagens helseutfordringar skuldast dei endringane kosthaldet vårt har gått gjennom dei siste 80-90 åra. Men kva meiner ho eigentleg med det? Kva skal til for å nærme oss eit kosthald som skaper helse istadenfor for uhelse?

Kom og lær meir på Osterøy Museum onsdag 13. november kl. 18-21. Vi skal høyre om maten før og no - og vi skal lære å fermentere surkål, koke kraft, samt lage juleknask proppfulle av både smak og næringsstoff. Her blir det både smaking og baking.

Ta med eige syltetøyglas eller glaskrukke med lokk, så får du med deg surkål til årets julemiddag! Påmelding via https://system.easypractice.net/event/kurs-mat-fr-og-no-korleis-pverker-det-helsa-vr-192b3 eller mail til biopat-bortne@outlook.com eller sms til 466 73 604 Kursavgift kr. 250,-