Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

TV-genseren på museet

Publisert den 20.11.2013 - 13:18
20.11.2013 - 13:18

No har vi vore så heldige å få låne TV-genseren frå rekordforsøket på NRK sin store nasjonale strikkekveld 1. november. TV-genseren heng no i museumskaféen så alle som vil kan få sjå - og oppleve korleis ein genser med heilt ubehandla høstull kan vere. Genseren heng no saman med motorsykkelen som vart strikka inn same kvelden. Då vi ikkje veit kor lenge vi kan ha den hos oss i Salhus føreslår vi at dei som vil sjå kan kome så snart som råd. Vi har ope tirsdag-fredag kl 11.00-15.00 og søndag kl 12.00-17.00. Siste dag før jul er søndag 8. desember, men vi veit diverre ikkje sikkert at genseren heng så lenge. Vel møtt!

Laget som strikka denne flotte genseren er sett saman av gode husflidsfolk frå Hordaland: team rett og slett.

  • Guri (sauen), eier Aud Marit Halland, Nordhordland Husflidslag
  • Saueklipper Rolf Gravdal Egersund
  • Spinner Kristi Nilsen Hordaland og Fana Husflidslag
  • Spinner Vigdis Valde Nordhordland Husflidslag
  • Spinner Bente Karin Litleskare Nordhordland Husflidslag
  • Spinner Sandra Herøy Nordhordland Husflidslag
  • Spinner Magda Handeland Vindafjord Husflidslag
  • Strikker Åse Brit Andreassen Meltvik Norsk Flid Husfliden Bergen
  • Strikker Hege-Therese Nilsen Kultur og næringskonsulent i Hordaland, Norges Husflidslag

Dette laget tok dessverre ingen rekordar - men du kan jo sjølv prøve å klippe, spinne og strikke ein genser på 8 timar, 35 minuttar og 23 sekund! Kan hende kan dei prøve på nytt til våren, eller sommaren då skal ulla vere mindre feit - og lettare å arbeide med. Når det er sagt, så blei det satt to viktige rekordar på strikkekvelden. Genseren vart klippa, spunne og strikka på nordisk (og altså norsk) rekord-tid. Tv-programmet er også til no verdas lengste direktesendte tv-program om strikking. Programmet har fått merksamd langt utafor Noreg og Norden. Nokre har strikka med oss, andre ler av oss. Vi er godt nøgd med all merksemda som både museet og strikking generelt har fått i samband med denne tv-sendinga. Om du ønskjer å lese meir om historia bak og reglane for strikkerekord frå sau til genser kan du sjekke ut sida til International Back to Back Wool Challenge. Eller lese om andre rekordforsøk på tarndie.com.