Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Norge rundt og tv-sendt strikkekveld frå Norsk Trikotasjemuseum

Publisert den 05.11.2013 - 13:37
05.11.2013 - 13:37

Fredag 1. november var det full sjau på Norsk Trikotasjemuseum. Onsdag og torsdag var om lag 70 NRK-folk av ulikt slag innom for å leggja til rette for tv-sending, 12 timar tv-sending direkte frå den gamle trikotasjefabrikken. Lyskastarar vart montert, nokre kilometer med kabel blei rulla ut og eit kontrollrom med store skjermar og styrebrett oppstod inne i det rommet som vanlegvis er filmsalen til museet.

Både sending og arrangementet var i NRK sin regi, museet bidrog som kulisse og kafé både under førebuingar og sjølve produksjonen. Dei 807 000 som såg Norge Rundt-sendinga fekk  ei miniomvisning i museet med avdelingsleiar Ann Kristin Ramstrøm som vert saman med programleiar for Norge Rundt. Her kan du sjå Norge Rundt frå 1.11.2013. Frå kl 20.00 var det nasjonal strikkekveld med diverse innslag frå strikkekjendisar og ulike emne som mikro og makrostrikk, hønsestrikk og skatter frå fillehaugen. Ein kunne og plukke opp gode tips for ferske strikkarar. Museet var som nemdt først og fremst kulisse for denne sendinga, men for ei kulisse. Både programleiarar, teknikarar og gjestar var imponert over fabrikken og museet vårt. Vi var ikkje så verst nøgde vi heller når vi såg arbeidsplassen vår på tv.

Sauen Bæændik overvakar tv-sending og rekordforsøk.

Her er direktør Atle Ove Martinussen sin Harley Davidson godt kledd for vinteren. Den står i kaféen til  Norsk Trikotasjemuseum fram til siste opningsdag før jul: søndag 8. desember. Vi er og i kontakt med NRK om å få låne rekordgenseren til utstilling i same periode.

I løpet av denne tida har vi fått endå fleire likarar på facebooksida vår. Vi håpar sjølvsagt at vi skal få enda fleire i tida som kjem.

Her kan du sjå avisartikkelen frå Trønderavisa 5. november der dei skriv om den nasjonale strikkekvelden på nrk der mellom anna 4 damer strikka klær til museumsdirektøren sin motorsykkel.

Her på nrk kan du sjå sendinga.