Spinnekvinner i museumskafeen

Sundag 25.september hadde me hyggjeleg vitjing av 2 spinnekvinner i museumskafeen.

Dei sette seg til, og fann fram kamull i nydelege fargar og nyansar. Med sine moderne rokkar sette dei i gong å spinne det finaste garn, til stor fascinasjon for store og små. Jamt og tynt garn samla seg litt etter litt på ”snella”. Dei synte oss også korleis ein kan spinne med handtein, men etter litt prøving (og feiling) av ein relativt nevenyttig museumsguide, skjønar ein at det skal trening for å meistre dette!

Me på Norsk trikotasjemuseum ynskjer spinnekvinnene hjarteleg velkomne igjen!

Her ser du Renate Glesnes (nærast vindauget) og Ingrid Mørkeseth.

Leave a Reply