Bilettsalet er godt i gang!

Gå ikkje glipp av fjorårets suksess, den musikalske teaterforestillinga om livet på Salhus Tricotagefabrik. Bilettsalet er allereie godt i gang.

Museumsteateret Vi er ikke kommet til jorden for noe gjestebud har framsyningar i fabrikklokala under Kulturfest Åsane. Speledagane er: Premiere 21.10 kl.18.00. Vidare blir det høve til å sjå førestillinga 22., 23. og 30.oktober kl.18.00. 30.oktober blir det også framsyning kl.15.00. Kjøp bilettar på bilettservice.no, Narvesen, Posten eller 7-eleven. Pris: vaksne kr 200,- pluss avgift, barn kr 130,- pluss avgift. Stykket passar best for born frå ca 6 år og oppover, men stykket er først og fremst retta mot vaksne og ungdom.

Kafeen på museet er open ein time før, under og ein time etter førestillinga.

Leave a Reply