Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Viktig informasjon om Covid-19 på Norsk Trikotasjemuseum

Publisert den 10.09.2020 - 07:46
10.09.2020 - 07:46

Kjære museumsgjest

Viktig informasjon om Covid-19 på museet

Smittesituasjonen i Bergen har endra seg dei siste vekene. Frå 8. september bestemte byrådet i Bergen at det ikkje er lov med arrangement med fleire enn 50 personar samtidig. Alle gjestar på kafé og spisestader må og registrerast. Dette gjeld for dei neste 10 dagane.

Vi ønskjer deg likevel velkomen til oss. Vi har gode rutinar på og har sett ned fleire tiltak for å ivareta smittvernkrava.

Dette betyr endringane for deg:

  • Museet er framleis ope for omvising, utstilling og kafé onsdag – fredag kl. 11-15 og søndag kl. 12-17
  • Alle gjestar i kaféen og museet må registrerast. Denne informasjonen slettar vi etter ti dagar.
  • Vi oppfordrar våre besøkande til å førehandsbestille billettar til omvising. Det kan du gjere her.
  • Du kan og kontakte oss på epost: bestilling.nt@muho.no eller telefon 917 05 645 / 970 87 297.
  • Våre retningslinjer i samband med Covid-19.

 

Utstillingsopning 13. september med studentar på tekstil ved fakultet for kunst, musikk og design

Denne gongen vil opninga vere for inviterte gjester. Andre besøkande er velkomen til å sjå utstillinga på eit seinare tidspunkt.

På grunn av avgrensa kapasitet denne søndagen blir det ikkje omvising i fabrikken kl. 15. Som museumsgjest er du velkomen til å delta på omvising kl. 12, 13 og 14. Vi set pris på at du førehandsbestiller omvising.

Museet er ope onsdag-fredag frå 11-15 og søndagar frå 12-17.

Ta vare på deg sjølve og dei rundt oss og ver velkomen til oss !