Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Velkommen til FabrikkFest!

Publisert den 03.10.2019 - 11:42
03.10.2019 - 11:42

Under Kulturfest Åsane opnar vi dørene til Salhus Tricotagefabrik. I år er det 160 år sidan fabrikken blei etablert, og denne dagen kan du gå på eiga hand i fabrikken og sjå maskiner i drift. Det blir kjekke aktivitetar for både store og små. Ta med familien på rebusløype gjennom fabrikken, strikk med gigantgarn eller lag eit sokkedyr!

Sjå utstillinga SKIFTarbeid med tekstilkunstnar Susanne Roti og biletkunstnar Jannecke Heien. Museumsbutikken er open, og kafé med sal av heimebakte kaker, vaflar og rundstykke.

Arrangementet er ein del av Kulturfest Åsane 2019.

Pris: Kr 90/50/30 (student/honnør/barn)