Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Velkomen til nytt skuleår på Norsk Trikotasjemuseum

Publisert den 18.08.2017 - 13:56
Eit nytt skuleår er i gang i Bergen og Hordaland. Dei siste åra har vi fått stadig fleire skuleklassar innom museet på dei ulike undervisningsopplegga.

Mange skular og læarar kjem att år etter år for å la elevane oppleve den industrielle revolusjonen, og endå har vi plass til fleire skuleklassar.

Dei eksisterande tilboda er knytt til faga samfunnsfag, historie og kunst og handverk, men vi arbeider stadig for å utvide tilbodet og er open for å gjere tilpassingar eller ta i mot nye innspill frå kreative lærarar.

Ta ein tur innom skuleområdet på heimesida og les kva tilbod som finst.

Eller sjå alle opplegga her: PDF icon undervisning brosjyre 2017.pdf

For å kome til Norsk Trikotasjemuseum kan ein ta buss nr. 35 som går frå Åsane terminal ein gong i timen. Hit kjem elevar på kulturbillett frå dei fleste bydelar: Åsane, Årstad, Laksevåg, Bergenhus, Fana og Fyllingsdalen.

Museet opnar kl. 11, men vi tek imot skuleklassar utanom ordinær opningstid etter avtale med lærar.

Ta gjerne kontakt med formidlingsleiar Ingrid Haugrønning på ingrid.haugronning@muho.no eller telefon 975 28 010 for å avtale tid og innhald for museumsbesøket.

skjold11.jpg

Frå undervisningsopplegget "Human Knitting Machine"
18.08.2017 - 13:56