Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utstillingsopning: SKIFTarbeid

Publisert den 03.10.2019 - 11:56
03.10.2019 - 11:56
Velkomen til ny utstilling i Galleri Salhus på Norsk Trikotasjemuseum! 13.okt. kl. 14 opnar utstillinga SKIFTarbeid med arbeid av tekstilkunstnar Susanne Roti og biletkunstnar Jannecke Heien. Begge viser kunstverk der klede spelar hovudrolla, og der arbeid utgjer eit stort bakteppe. 

Susanne Roti har utdanning frå KHiO og UiB, og arbeider i skjeringspunktet mellom bilete og plagg, og mellom representasjon og det verkelege. Gjennom å etterlikne velkjende plagg undersøkjer ho spørsmål knytt til identitet, mote, forbrukarkultur og merkevarene si kraft. I Galleri Salhus viser ho ein serie tekstile skulpturar basert på den klassiske denimjakka.

Dei fyrste denimkleda vart laga for folk som hadde kroppsarbeid, fordi stoffet er både tjukt og slitesterkt, og har sidan vorte eit utbreidd arbeids- og fritidsplagg. Arbeida til Roti er framstilt med nitid og tidkrevjande frihandsbroderi, som ein kommentar til kledeindustrien sin masseproduksjon. Arbeida utforskar broderiet sitt potensiale, og ved å dekke heile plagg med tråd vert det skapt skulpturelle objekt med referansar til populærkultur, motehistorie og kunsthistorie.

Jannecke Heien har utdanning frå KMD/UiB, og arbeider med installasjon, relasjonelle prosjekt, måleri, teikning, grafikk m.m. Arbeida hennar kretsar ofte rundt interessa for endringsprosessar slik dei artar seg på bakkenivå og sett i makroperspektiv. Likeeins er arbeidet med farge, improviserande teikning og det uføreseielege i visuelle uttrykk ein motor i arbeidet hennar. I Galleri Salhus viser Heien både silketrykk og måleri der klede er det sentrale motivet, og sporet av menneske og verksemd er sterkt til stades i sitt fråvær.

I bileta sine prøver ho å fange inn ein augneblink der eigaren av plagget er off guard, heime i sitt private rom, i ei lomme av tid. I arbeida hennar kan ein finne referansar til strukturelle økonomiske og samfunnsmessige endringsprosessar, samstundes som dei peikar på at menneska er sårbare i all si verketrong. Utstillinga står t.o.m. 15.desember.