Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utstillingsopning: Det er ikkje regn, det er tårer

Publisert den 02.10.2020 - 07:46
02.10.2020 - 07:46

Utstilling i Galleri Salhus på Norsk Trikotasjemuseum

Opning søndag 11. oktober kl. 14.00

 
Om utstillinga:
Om ein finn ein enkelt sko på ei strand, går tankane fort til skoen som manglar.
 
I det fragmenterte, det tomme og det som tilsynelatande er utan samanheng, ligg det eit potensiale for nye koplingar og historier.
 
I utstillinga ved Galleri Salhus viser Unneland installasjonar beståande av lausrivne element frå eit kvardagsliv. Ting vi omgjev oss med til dagleg, som vert gjenkjend som eit muskelminne og som er lada i kraft av å vere i våre liv.
 
Unneland leitar i den tvitydige opplevinga av det fragmenterte, og ser at det i møta kan dannast assosiative forbindelsar – som strofer i eit dikt.
 
Utstillingsopninga kl. 14 er for inviterte gjestar, men blir strøyma på museet sin Facebook-side.
 
Førehandsbestill gratis billett for å sjå utstillinga frå kl. 15-16 eller 16-17 her.