Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utstillingsfinissage: Camilla Bruerberg

Publisert den 27.08.2019 - 10:22

 

Norsk Trikotasjemuseum og Galleri Salhus inviterer sundag 8.september til finissage og eit siste høve til å oppleve Camilla Bruerberg si utstilling 0011 i galleriet.

I utstillinga 0011 viser Bruerberg sine undersøkingar av strikketeknologi og industristrikkemaskinar. Med genseren som arketype og utgangspunkt presenterer ho installasjonar som utforskar digital framstilling og produksjon av strikka tekstilar. Ved å bruke teknologi tiltenkt masseproduksjon til framstilling av detaljrike enkeltarbeid jobbar ho på tvers av industrien sin innebygde logikk, og det vert opna nye rom for undersøking.

Camilla Bruerberg vil fortelje om sitt forskingsarbeid innan design av klede og digital strikkeproduksjon, og inviterer til samtale med leiar for Havråtunet, Marit Adelsten Jensen, og montessoripedagog og podcastar Lars Sandåker. Samtalen tek utgangspunkt i ulike erfaringar rundt praktisk kunnskap og korleis den vert overført. Kva betyr praktiske ferdigheiter i ein aukande digital kvardag? Materiala sine kvalitetar og innbydingar har følgd oss gjennom heile vår evolusjon og moderne historie - kva plass har dei i dag? Kva finn vi i kryssingspunkta mellom kunnskapsbevaring, å lage, materialforståing og design? Er det samanhengar mellom vår materialkunnskap og produksjonskunnskap, og korleis vi forheld oss til miljøspørsmål?

Samtalen finn stad i Galleri Salhus på Norsk Trikotasjemuseum sundag 8.september kl. 14. Samtalen passar for deg som er interessert i strikkeproduksjon, verdien av praktisk kunnskap, og er nyfiken på korleis eit trikotasjetekstil vert til. Vi inviterer til dialog med publikum. Museet, utstillinga og kafeen er open kl. 12-17. Hjarteleg velkomen!

 

 

27.08.2019 - 10:22