Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utstillingar i galleriet

07.10.2011 - 10:10

 

I Galleri Salhus viser vi fleire midlertidige utstillingar i løpet året med ulike tema, oftast kunst- eller kulturhistoriske utstillingar. Desse inneheld ofte tekstil eller omhandlar industri, arbeidsliv, berekraft eller andre tema. Utstillingane kan sjåast i museet si opningstid.

 

 

Marianne Moe - Mellom ljos og mørke. Foto: Thor Brødreskift

10.mai–6.september 2020

Mellom ljos og mørke

 

Marianne Moe - Mellom ljos og mørke. Foto: Thor Brødreskift

I den nye utstillinga i Galleri Salhus, med tittelen Mellom Ljos og Mørke, viser Marianne Moe nye arbeid i ullfilt.

Arbeida er formale arbeid, bygd opp av handfarga strimler av ullfilt. Skiftingar mellom ljos og mørke, og fargane 

som oppstår i denne brytinga, er inspirasjon for fleire av arbeida. Mange av arbeida er i store format, og nokre av arbeida er også laga av restar og rører borti tema som ressursutnytting og verdi.

Opningstider sommaren 2020

  • 24.05.–21.06.: søndagar 12–16
  • 22.06–16.08.: torsdag, fredag og søndag  12–16
  • Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer å besøke museet og utstillinga utanom opningstid. Det gjeld òg for skuleklasser og andre grupper. 

Marianne Moe

Galleri Salhus

Norsk Trikotasjemuseum

Utstillinga står frå 10.mai–6.september 2020

Foto: Thor Brødreskift

 

Sjå vår digitale utstillingsopning her: 

 

Utstillingsopning: Marianne Moe - Mellom ljos og mørke

Gjekk du glipp av vår digitale utstillingsopning på søndag? Sjå den her! Marianne Moe losar oss gjennom utstillinga og fortel meir om arbeida. Utstillinga står i Galleri Salhus på Norsk Trikotasjemuseum til 6. september.

Posted by Norsk Trikotasjemuseum on Søndag 10. mai 2020