Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utstilling: KMD: tekstil

Publisert den 03.09.2020 - 16:42
03.09.2020 - 16:42

 

Velkommen til ei ny utstilling i Galleri Salhus! I utstillinga presenterer Fakultetet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen nye arbeid av kunststudentar som arbeider innan tekstil. Det blir utstillingsopning for inviterte gjestar søndag 13. september kl. 14.00, etter det er utstillinga er open for besøk puljevis kl. 15–17.

Fokusområdet for tekstil ved KMD er ei mangfaldig og vital gruppe studentar, teknikarar og akademikarar som saman utforskar eit breitt spekter av emne innan kunstnarisk praksis i tekstilmediet. Verka i utstillinga har blitt til gjennom direkte handverksmessig framstilling med analoge og digitale teknikkar innan veving, trykk, farging, strikking, saum, manipulasjon og andre tverrfaglege tilnærmingar. Samtidig er dei ladde med individuelle tankar, refleksjonar og kommentarar til ei rekke tema – frå det personlege til det offentlege, frå private og sosiale sfærar – og med utspring i utvida diskursar om stad, kultur, identitet, natur, seksualitet, kropp, utdanning, feminisme, kommunikasjon, persepsjon, handverk, miljøvern, forbruk og posthumanisme. På denne måten representerer dei mange visuelle, haptiske og kognitive uttrykka høglytte, spirande stemmer i moderne (tekstil) kunstpraksis.

Sjå utstillingskatalogen her:

PDF icon KMD_textiles_katalog.pdf

_____

Utstillinga er open 14.–27. september
ons–fre kl. 11–15, søndagar kl. 12–17