Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



URD - Ho syng for oss

Publisert den 03.10.2019 - 14:36
03.10.2019 - 14:36

 

I denne konserten framfører Kammerkoret GNEIS musikk basert på Ruth Lillegraven si diktsamling URD. Musikken er eit bestillingsverk frå komponist og organist Solveig Sørheim. 

Verket kretsar rundt livet til syerska Seselja. Det fremjar kvinnestemmer og vestnorsk kultur, og bygger på folkemusikk og improvisasjon. Her er det altså gamle tradisjonar i ei eksperimentell form - akkurat som i Lillegravens poesi.

Konserten blir arrangert i samarbeid med Norsk Trikotasjemuseum. Prosjektet er støtta av Bergen kommune, og arrangementet er ein del av Kulturfest Åsane 2019.

 

DATO: 29. oktober kl. 20.00

PRIS: kr. 150 / TicketCo