Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Ungdomsskulen

28.09.2010 - 11:48

Vi arbeider stadig med å utvide museet sitt tilbod til skulane. Under kan de lese om nokre av dei opplegga ein barneskuleklasse kan oppleve på Norsk Trikotasjemuseum. Det er veldig bra om klassen har prata om museumsbesøket på førehand, slik at alle er godt førebudd på kva som skal skje. Det er fint å spise niste i kafeen etter besøket. Alle museumsbesøk er gratis for skuleklassar i skuletida. Dersom de har andre forslag så har vi stort spillerom for å tilpasse opplegg eller følge opp dei ønska de måtte ha.

Bestill tid for din klasse på e-post: bestilling.nt@muho.no eller ta kontakt med Ingrid Haugrønning på telefon 975 28 010.

 

Tekstilindustrien og den industrielle revolusjonen

For ungdomsskuler og vidaregåande skuler

Opplegga består av framsyning av filmen ”Det var en gang en fabrikk”, som varer 27 minutt. Deretter blir det omvising i trikotasjefabrikken, og denne varer mellom 40 minutt og ein time. Gje beskjed dersom de har spesielle emne de ønskjer me skal ta opp. Vårt hovudfokus på desse omvisingane er å gi elevane innblikk i den industrielle revolusjonen slik læreplanen etterspør.

Historia til Salhus Tricotagefabrik går heilt tilbake til midten av 1850-åra, då Noreg var i skjeringspunktet mellom jordbruksamfunnet og industrisamfunnet. Omveltinga som skjedde i Salhus er ikkje ulik kva som skjedde andre stader i Noreg på denne tida. Fabrikkane kom og erstatta handkrafta og fabrikkane trengte billig arbeidskraft som dei mellom anna henta frå bygda. Fattige bønder reiste til Salhus for å få seg jobb, og for første gong i livet fekk dei lønn utbetalt i pengar, dei fekk regulerte arbeidstider, faste arbeidsoppgåver inne i fabrikken og etterkvart også ei fritid som dei kunne fylle med mellom anna turn eller musikk. For dei første arbeidarane som kom til Salhus frå midten av 1800-talet og framover mot 1900-talet var endringane så store at det kan vere vanskeleg for oss å skjønne det.

På omvisingane prøver me å gjere dette meir forståelleg med å sette samfunnsendringane inn ei ein Kvinne spoler trådpolitisk, økonomisk og sosial kontekst. Elevane får høyre både om maskinane og produksjonslinja, men og om menneska som arbeidde her og budde heile livet sitt i industristaden Salhus.

Me ser historia i Salhus i samanheng med den internasjonale tekstilindustrien i dag. Her er det mykje ein kan samanlikne. I dag er tekstilindustrien lagt til mellom anna fattige deler av India, Kina, Bangladesh og andre stader. Som i Salhus for over 150 år sidan med framveksten av tekstilfabrikker som trengte billig arbeidskraft, kor det var lite arbeidarvern etc, er det mykje det same som hender i desse områda i Asia i dag.

På ei omvising ønskjer me å få elevane til å reflektere over dagens tekstilindustri. Det er også muleg å vere med ut av fabrikken og sjå og høyre om korleis fabrikkarbeidarane budde. Opplegga for ungdomsskulen og vidaregåande skule er mykje dei same, men sjølvsagt tilpasser me innhaldet i omvisinga til dei ulike alderstrinna. Det er muleg for elevane å handle vaflar eller anna mat i kafeen. Gi beskjed ved bestilling om det er ønskjeleg. Dei kan og ta med matpakke. Gratis for skuleklassar. Prosjektarbeid Elevar må gjerne kontakta museet i samband med prosjektarbeid o.l. Sjølvstudium Vegen til ABM-kjeldene – eit dramatisert opplegg for vidaregåande skular. Her får du innføring i korleis du kan bruka ressursane som ligg i arkiva, biblioteka og musea. Du finn også meir informasjon om Norsk Trikotasjemuseum og Salhus Tricotagefabrik.

Varighet: ca. 1,5 timer

Opp til 30 elevar + lærar

 

Den industrielle revolusjonen på 3 minutter

Høyr formidlingskoordinator Ingrid Haugrønning sitt føredrag om den industrielle revolusjonen på 3 minutter. Opptaket ble gjort av NDLA og ligg ute på deira heimeside.

 

Linjearbeid på syloftet

For ungdomsskuler

Korleis er det å jobbe på akkord og på same tid vere en del av eit større lag?

På syloftet ligg det arbeid nok til ein skuleklasse. Vi skal produsere T-skjorte, den som ikkje heng med i svingane får trekk i løna! Ved hjelp av papir, saks og lim skal vi lage så mange T-skjorter som vi berre greier på den tida vi får tildelt.

Elevane skal få erfaring med å arbeide under press, og får eit innblikk i korleis det er å vere ein del av ei større produksjonsline.

 

Varighet: ca. 30 min

Opp til 30 elevar + lærar


Stoff – støy – strev – stemmer 

For ungdomsskuler og vidaregåande skuler

Korleis er det å vere tekstilarbeidar i dag?

Ei utstilling kor vi samanliknar og ser på korleis tekstilarbeidarane lever og arbeider i India i dag og trekker linene tilbake til tekstilindustrien i Salhus og Norge. I utstillinga kan ein sjå ein indisk tekstilarbeidarleilighet, foto og tekst og korte dokumentarfilmar kor enkelte av arbeidarane sjølv fortel om tilhøve både heime og på arbeid.

 

Varighet: ca 20. min

Opp til 30 elevar + lærar

 

Her finn du eit samandrag av alle undervisningsopplegga:

PDF icon undervisning brosjyre 2017.pdf

Image: