Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Tidlegare arrangement

04.12.2017 - 09:09

Teater

"Vi er ikke kommet til jorden for noe gjestebud"

I fleire år har vi synt fram teatermusikalen "Vi er ikke kommet til jorden for noe gjestebud" på Norsk Trikotasjemuseum. Lars Voss Sørhus har skrevet og regissert stykket, og musikken er laga av Lars Sveinung Lid. Stykket blei vist i museets autentiske fabrikkmiljø. Maskinane utgjorde dei naturlige kulissane i eit spennande og hjartevarmt teaterstykket.

Vi viste dette stykket for siste gong i 2015 etter fem fantastiske år med fleire framsyningar til publikum si store glede. Det er synd å sei at det ikkje vert fleire framsyniganr, men samtundes er vi glade for at klarte det i fem år. Det er grunna mangel på ekstern finansiering som gjer at vi ikkje kan setje opp stykket meir. Under kan du lese litt om stykket. 

Forestillinga gir eit bilete på korleis det kan ha vore å leve og bu på ein industristad i Noreg på 1930-talet. Staden er Salhus i 1936 og arbeidarane jobbar på Salhus Tricotagefabrik. Mellom anna møter vi den unge Gunnar som heller flørtar med damene på spoleloftet enn å jobbe i karderiet. Vi møter også Gunnar sin bror, Ragnvald som strir med ein sjuk son. Sonen har tuberkulose og kona Gudrun må seie opp jobben på fabrikken for å ta hand om minstesonen. Ragnvald går difor til disponent Clausen for å spørje om tillegg i lønn. Men vil broren Gunnars oppførsel gå utover Ragnvalds molglegheitar for tillegg? Vil Clausen forstå Rangvald sin situasjon? Vil Olav bli frisk? Skuleborn, syersker, kardemenn og spinnere, formenn og disponent Clausen møter vi også, og fleire andre som har sin arbeidsplass på tekstilfabrikken og som bur og lever i Salhus med draumar og utfordringer.
 

 

 

 

Publikum og presse er imponert over den dramatiske fortellinga og skuespillerpretasjonene:

  • Strilen: « Teatersuksess i Salhus fabrikken»
  • Åsane Tidene: «Responsen fra publikum var fantastisk»
  • Bergens Tidene: «I korte scener tegnes noe som i sum er verdifull arbeidslivs-og kulturhistorie, tidsbilder som virker ekte og får en egen tyngde ved at nettopp de gamle fabrikklokalene er arena for oppsetningen(…)alt i alt et kunstnerisk krafttak som gjerne kan bli en tradisjon i Salhus-bygden”

I 2013 vart Norsk Trikotasjemuseum og Lars Voss Sørhus stolte mottakare av teaterprisen Rampeløkten som kvart år deles ut av Bergen Teaterforening. Vi jobbar allereie med å søkje midlar for å sette opp stykket om att i haust. Tidligare har Arna og Åsane Kulturkontor, og Norsk Teaterråd bidratt med økonomisk støtte.

 

 

Image: 
 
 

© 2013 Museumssenteret i Hordaland

Org.nr. 971349743
Salhusvegen 201, 5107 Salhus
Telefon 55 25 10 80