Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Strikkekafé: LEIK knitwear

Publisert den 18.09.2019 - 15:13
18.09.2019 - 15:13

Foto: Mille Frømyhr Modell: Kristin Slungård
Foto: Mille Frømyhr Modell: Kristin Slungård

 

Få med deg leiken, lokal og bærekraftig strikkedesign på haustens første strikkekafé.

22.okt. blir det strikkekafé med Marie Leiknes, som står bak LEIK, ein liten strikkefabrikk på Fitjar. Ho vil fortelje om oppstart og design, og ha med døme på produkt og gjerne også noko for sal. 

LEIK er brennande opptatt av tidlause, varige plagg av høg kvalitet, og lanserer ikkje ein ny kolleksjon kvart år, men bygger den opp langsamt over tid. LEIK kombinerer inspirasjon frå naturen rundt den vesle strikkefabrikken i Fitjar med dei tekniske moglegheitene som ei moderne digital strikkemaskin gir. LEIK designar og produserer alle plagga sjølv, i Noreg, og med den digitale strikkemaskina blir det minimale mengder svinn. Slik kan dei tilby tilpassing av plagga til kunden sine ynskjer.

Dørene opnar kl. 18.00, og foredraget startar kl. 19.00. Open kafé med sal av heimebakte kaker, vaflar og kaffi/te.
Ta gjerne med strikketøyet!
Inngang kr 60,–

 

Arrangementet er ein del av Ullveka 2019.

 

Foto: Mille Frømyhr Modell: Kristin SlungårdFoto: Mille Frømyhr Modell: Kristin SlungårdFoto: Mille Frømyhr Modell: Kristin SlungårdFoto: Mille Frømyhr Modell: Kristin Slungård
Foto: Mille Frømyhr Modell: Kristin Slungård