Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Strikkekafé: Kva strikka oldemor?

Publisert den 06.11.2019 - 10:13
06.11.2019 - 10:13

 

I dag er strikking ein hobby, og representerer kreativitet og avkopling for dei fleste, men på slutten av 1800-talet var det heilt nødvendig. Sølvi Vik frå Norges Fiskerimuseum fortel om strikking i ei anna tid på strikkekafeen tysdag 26. november.

 

Oldemor vart fødd i 1880 på ei øy på vestkysten av Noreg. Ho lærte å strikke då ho var 5 år, og fortsette med det heile livet. Ho kunne sortere ull, spinne og tvinne. På sine eldre dagar strikka ho sokkar sjølv om ho var blind. På 1800-talet kunne dei færraste gå i butikken og kjøpe garn slik vi gjer, men måtte lage det sjølv. Strikking var ein nødvendigheit, og ikkje noko ein gjorde som ein hobby. Nokre av plagga som vart strikka på den tida blir laga framleis, men andre vil mange ha problem med å skjønne kva er blitt brukt til. Sølvi fortel om teknikkar, utstyr, og produkta oldemor strikka, og har med nokre eksempel.

Sølvi Vik er konservator på Norges Fiskerimuseum og er oppvaksen på ei øy på Vestlandet. Ho har vore interessert i strikking heile livet, og har halde foredrag om strikking under krigen og fiskarens klede. Ho likar også å jobbe med historiske teknikkar og mønster. 

 

Norsk Trikotasjemuseum
Tysdag 26. november kl. 18-21 


Dørene opnar kl. 18.00, foredraget startar kl. 19.00.
Open kafé med sal av heimebakte kaker, vaflar og kaffi/te.
Ta gjerne med strikketøyet!
Inngang kr 60,–