Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Strikkekafé: Kunsten å sy saman ei historie

Publisert den 21.01.2020 - 09:03
21.01.2020 - 09:03

 

Alle har ei historie, alle har mange forteljingar  dei fleste blir aldri fortalt. Høyr Helga Gunerius Eriksen fortelje om bileta i den nye tekstile vandreboka si, Sus og Dus byter om på tiårets første strikkekafé på Norsk Trikotasjemuseum, 28. januar.

 

Kunsten å sy saman ei historie med ein raud tråd 
Vandrebøkene Peri og Peti vender om, Vi bygger om og Sus og Dus byter om er vandreutstillingar med tekstile bilde, tekst framført av forfattaren og musikk komponert og framført av Anette Thorsheim på toradar. Dei finst berre i eitt eksemplar og vandrar i den kulturelle skulesekken, til galleri, bibliotek og andre stader. Bileta er laga av resirkulert materiale funne i grøfter, på strender, i skuffer og bruktbutikkar: lappar, knappar, skinn, glidelåsar, blonder, metall og plast – alt kan brukast. Forteljinga er skriven på det same versemålet som Odysseen: heksameter, og tematikken er rik og fattig.

På strikkekaféen 28. januar les Eriksen frå boka og fortel om arbeidet med bileta. Kanskje får du inspirasjon til å strikke ei bok, eller tenkje nytt om kva ein kan strikke, sy og samle til eit bilete?

Helga Gunerius Eriksen (f. 1950) er frå Stord og busett i Bergen. Ho har skrive over 20 biletbøker, romanar, essay, dikt og forteljingar for barn, ungdom og vaksne og delteke i fleire prosjekt med andre kunstnarar. Ho debuterte i 1986 med biletboka På stripejakt. I 1991 fekk ho Kritikarprisen for Finn Inga! (beste barne- og ungdomsbok), og i 2003 blei ho, saman med Gry Moursund, tildelt Brageprisen for Flugepapir. Ho var òg nominert til Kritikarprisen 2006 for Eg er på veg, og fikk Samlagsprisen i 2009.

Ho har skrive to romanar for vaksne – Dersom du (1994) og Rut (2002). Kvadratiske konturar (1998) er ei kortprosa-biletbok for vaksne der Eriksen samarbeidde med Kurt Johannessen. I 2010 fekk Eriksen Ordknappen for Påls reise (2009), ei tilrettelagd bok for lesarar som treng enkel tekst og enkelt innhald. Eriksen er utdanna cand.mag. med faga keramikk og filosofi. I 2013 fullførte ho fordjupingskurs i dramatikk ved Norsk Barnebokinstitutt.

 

_______________________________

Tysdag 28. januar kl. 18-21
Dørene opnar kl. 18.00, foredraget startar kl. 19.00.
Open kafé med sal av heimebakte kaker, vaflar og kaffi/te.
Ta gjerne med strikketøyet!
Inngang kr 60,–