Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Strikkekafé: Kunsten å kle opp ein fiskar

Publisert den 20.02.2020 - 16:58
20.02.2020 - 16:58

 

I dag har fiskarane fabrikklaga varmedressar og båtar med oppvarma styrhus. Men korleis var det å reise på havet i ein open båt for over hundre år sidan? Bli med på eit historisk tilbakeblikk på fiskaren sine klede, og korleis dei blei laga, på strikkekafeen på Norsk Trikotasjemuseum 3. mars.

Sølvi Vik er konservator på Norges Fiskerimuseum og er oppvaksen på ei øy på Vestlandet. Ho har vore interessert i strikking heile livet, og har halde foredrag om strikking under krigen og kvinners rolle i tilverkinga av fiskaren sine klede. Ho likar også å jobbe med historiske teknikkar og mønster. 

 

_______________________________

Tysdag 3. mars kl. 18-21
Dørene opnar kl. 18.00, foredraget startar kl. 19.00.
Open kafé med sal av heimebakte kaker, vaflar og kaffi/te.
Ta gjerne med strikketøyet!
Inngang kr 60,–