Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Strikkekafé: De eldste koftene

Publisert den 21.01.2020 - 09:53
21.01.2020 - 09:53

 

Nina Granlund Sæther har dykka ned i historia på jakt etter spor som kan fortelje noko om korleis strikketeknikken kom til Noreg, spreidde seg og blei ein del av vår nasjonale historie og identitet. Høyr ho snakke om boka De eldste koftene på strikkekaféen 18. februar

 

 

Det som gjer strikking så spesielt, er at ein ved hjelp av éin lang tråd og to enkle pinnar kan trylle fram fantastiske produkt. Stort enklare reiskapar enn strikkepinnar er det vanskeleg å finne; likevel har det vore mogleg å skape behagelege og funksjonelle tekstilar både til kvardag og fest.

Kofter begynte vi å strikke lenge før vi fekk ullspinneri som laga strikkegarn og gav ut mønster. I dette foredraget vil Nina Granlund Sæther vise kva slags genserar og trøyer vi strikka rundt omkring i landet på 1800-talet, ved hjelp av maleri, fotografi og tekstilar i privat og offentleg eige.

Nina Granlund Sæther (f. 1960) lærte å strikke som femåring, og sidan har ho vore lidenskapeleg opptatt av handarbeid og tekstilar. Ho er utdanna frå Rogaland distriktshøgskole (no Universitetet i Stavanger) og Statens lærerhøgskole i forming Oslo (no OsloMet). Ho har arbeidd som lærar i den vidaregåande skulen og som journalist og redaktør i Norsk Husflid. Sidan 2001 har ho vore redaktør i Hus & Bolig. Sæther har òg skrive ei rekkje bøker, blant dei Norske strikketradisjoner, Votter. Strikkemønstre fra hele Norge og Sokker fra hele Norge.

 

_______________________________

Tysdag 18. februar kl. 18-21
Dørene opnar kl. 18.00, foredraget startar kl. 19.00.
Open kafé med sal av heimebakte kaker, vaflar og kaffi/te.
Ta gjerne med strikketøyet!
Inngang kr 60,–