Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Sommar på Norsk Trikotasjemuseum

Publisert den 30.06.2020 - 13:01
30.06.2020 - 13:01

Endeleg er sommarferien her! Kvifor ikkje ta ein tur på museum i ferien?

Dette er sommaren for å utforske nærmiljøet og oppdage nye perler i din eigen by. Vi har god plass inne, og fine moglegheiter for familiar utandørs, med uteservering, kulturminneløype, turmoglegheiter og badeplass like ved museet. Vi ser fram til å tilby deg og dine trygge og gode museumsopplevingar i sommar!

 

Opningstider sommaren 2020 (til 31.08)

  • Marianne Moe: Mellom ljos og mørke. Foto: Hanne Catrin OlsenTysdag–fredag og søndag kl. 12–16
  • Du kan førehandsbestille omvising i fabrikken, men vi er òg opne for drop-in besøk. 
  • Kontakt oss gjerne på e-post eller telefon (+47) 917 05 645 / (+47) 970 87 297 om du vil besøke oss utanom ordinær opningstid. 

 

I galleriet viser vi tekstilkunst av Marianne Moe i hennar nye soloutstilling "Mellom ljos og mørke".

Fabrikken er berre tilgjengeleg med omvisar, omvisingar startar med visning av Salhusfilmen kvar heile time: kl. 12, 13, 14, og 15. Filmen varar i 24 minutt, omvisinga varar i om lag 40 minutt.

I kaféen byr vi på heimebakte kaker, rundstykke, is, kaffe og brus. Nyt utsikta over Salhusfjorden inne eller ute på terassen.

For barn: i sommar kan du følge sauen Bændik rundt på fabrikkområdet i ei ny barneløype som du kan oppdage på eiga hand. Spør i kafeen for meir informasjon. Viss du òg har lyst til å vere med Bændik gjennom heile fabrikken, ring oss på tlf. 917 05 645 for å bestille barneomvising, så finn vi ei tid som passar. De kan også utforske kulturminneløypa med utgangspunkt i fabrikken. Løypa tar deg frå museet, til arbeidarbustaden og skulen. 

Er det fint vêr kan vi anbefale eit besøk på badeplassen på Rotholsneset i Salhus, som ligg like ved museet, eller i Storåkervika like ved Salhus kirke. Det er òg fleire turmoglegheiter i Salhus. Til dømes kan vi anbefale ein tur til Tellevikfjellet.

 

I tråd med det gjeldande regelverket må vi registrere kontaktinfo på alle som deltek på omvising. Vi oppbevarar informasjonen i 10 dagar etter besøk for å kunne bidra til smittesporing. For å vere sikre på at både publikum og tilsette er trygge vil vi sleppe inn få personar på same tid. For meir informasjon, les Norges museumsforbund sine generelle smittevernsråd til publikum på museum.