Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Skuletilbod: linjearbeid på syloftet

Publisert den 10.03.2016 - 14:42
10.03.2016 - 14:42

Linjearbeid på syloftet

For ungdomsskuler

Korleis er det å jobbe på akkord og på same tid vere en del av eit større lag? 

På syloftet ligg det arbeid nok til ein skuleklasse. Vi skal produsere T-skjorte, den som ikkje heng med i svingane får trekk i løna! Ved hjelp av papir, saks og lim skal vi lage så mange T-skjorter som vi berre greier på den tida vi får tildelt. 

Elevane skal få erfaring med å arbeide under press, og får eit innblikk i korleis det er å vere ein del av ei større produksjonslinje.

Varighet: ca. 30 min
Opp til 30 elevar + lærar

 

Linjearbeidet kan kombinerast med ei omvising i museet med fokus på den industrielle revolusjonen og eit besøk i utstillinga "stoff - støy - strev - stemmer".

Les meir om desse tilboda her: skuletilbod.

 
Kontakt oss på epost: bestilling.nt(a)muho.no eller telefon: 55 25 10 94.