Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Sigrid Moldestad på spoleloftet

Publisert den 09.09.2019 - 19:16
09.09.2019 - 19:16

 

Det blir garantert stemningsfullt når Sigrid Moldestad spelar på spoleloftet på Norsk Trikotasjemuseum fredag 27. september. Konserten er ein del av opningsarrangementet til Bergen Strikkefestival 2019, og er inkludert i fredags- og helgepass. Vi sel òg billettar kun til sjølve konserten.

Sigrid Moldestad er ein av Noregs fremste artistar innan folk, vise- og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt forteljarhjarte og ei eiga evne til å røre publikum – anten det er med leikande kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser. Sigrid er opphavleg frå Breim i Nordfjord og blei tidleg introdusert for felemusikk. Til no har ho vunne to Spellemannsprisar og gitt ut fem plater. Vi gler oss til ho skal innta scena på spoleloftet! 

 

Kjøp billettar her

CC: 250,-