Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Salhusgensarar i mange fargar

Publisert den 01.07.2015 - 12:23

Endeleg kan vi vise fram salhusgenserane i nye fargar!

I fjor fekk vi genserar og jakker i fargekombinasjonen blå/kvit i tillegg til den tradisjonelle kombinasjonen raud/svart og grå/kvit.

Modellen har også vore gjennom ei modernisering, men du kan framleis finne dei tradisjonelle genserane med open hals i museumsbutikken. Dei nye fargane og modellane ser du på biletet øvst i saka.

Fargane er blå/kvit, brun/kvit, gul/kvit og grøn/svart. Vi har alle genserane i dame og herremodell i storleikane S, M, L og XL.

Norsk produkt 

Stoffet blir strikka på ein strikkemaskin frå 1958 (på bilete til høgre) som tidlegare har vore i produksjon på fabrikken Norway Knitting på Hop i Bergen.

Nesten hundre kilo stoff har blitt strikka opp.

Det ferdigstrikka stoffet blir så sendt til fabrikken Norlender på Osterøy, utanfor Bergen, der det blir dampa, vaska og sydd.

 

Kom gjerne innom museumsbutikken vår!

Vi held ope tirsdag–fredag kl. 11.00 - 15.00 og søndag frå kl. 12.00–17.00.

 

01.07.2015 - 12:23